Hendelsar skal rapporterast!
Det er stor aktivitet i klubben for tida, og i går var det rundt 25 hang- og paragliderpilotar på Sletteggen - noko som må vere bortimot rekord?! Når det er stor aktivitet, så er det òg dessverre større fare for at ting skjer! Iht sikkerhetssystemet vårt, er alle pliktige til å rapportere "hendelser som har medført skade eller fare for skade på mennesker, utstyr eller tredjemanns eiendom".
Hittil i år har me dessverre hatt fleire ulykker i klubben, men
heldigvis ingen som vil medføre permanent skade på den forulykka.
Med mange nye elevar og generelt større aktivitet, så er det derfor
på tide å minne folk på at sporten me driv med er potensielt veldig
farleg. Å tru noko som helst anna er grunnlag nok for å revurdere
om kanskje sjakk var sporten ein heller burde drive med!
Nokre tips
Tren på startteknikk! Reis til Vollane når det
er nordvestlig vind og tren på å starte baklengs. Kan du ikkje
denne teknikken, så tar du kontakt med ein instruktør som kan lære
deg opp.
Fly etter eige nivå! BHPK har medlemmer på alle
nivå - frå nordisk mester og kongepokalvinnar til elevar som
akkurat har begynt med sporten. Vurder alltid forholda ut frå ditt
eige nivå! Flyr du i forhold der du får regelmessig innklapp, flyr
du i forhold du ikkje mestrar (og/eller med utstyr du ikkje
mestrar).
Fly med utstyr du mestrar! Fleire hendelsar
kjem av at folk flyr med utstyr som er for krevande for dei. Det er
langt meir moro å fly med ei vinge som du er 100% komfortabel med i
alle typar forhold enn å fly med ei vinge som gjer deg redd så
snart lufta beveger seg litt. Flyr du under 20 timar i året så
klarer du deg veldig fint med ei EN A-vinge eller ei snill EN
B-vinge.
Lær deg meteorologi! Ofte skjer hendelsar når
forholda endrar seg og/eller ein velg å fly ut i forhold som ein
ikkje forstår. Me har aldri hatt betre tilgang på både sanntidsdata
og varsel når det gjeld vêret, men likevel klarer folk stadig vekk
å starte i forhold dei ikkje burde fly i. Og har du fyrst valgt å
starte, så må du òg lande... Er du i tvil, så er du ikkje i
tvil!
Rapportering
Rapporter hendelsen! Er uhellet fyrst ute eller
har du berre hatt ein hendelse, så skal dette rapporterast. Den
enklaste måten er å logge turen på vanleg måte i loggboka for
deretter å gå inn på turen og velge hendelsesrapport oppe i menyen.
Er du elev så skal instruktøren din hjelpe deg!
Gje beskjed til fagleg leiar! Er hendelsen av
typen ulykke og/eller har du noko som helst grunn til å tru at
media er interessert, så skal fagleg leiar ha beskjed så snart som
praktisk mulig. Send SMS til eller ring 91338576!
Stopp større utrykning! Har du landa i eit tre
eller på ein måte som kan oppfattast dramatisk for andre, men ikkje
pådratt deg skadar, så skal du ringe AMK eller Politiet og varsle
dei så snart som praktisk mulig. La dei heller bruke ressursane på
oss når me faktisk treng det!
Ueinig og/eller andre tips?
Kom gjerne med innspel på sladdersidene! Ila hausten vil me ha
eit sikkerhetsseminar og foreløpig er verken dato eller spesielle
tema satt. Har du forslag, så må du gjerne kome med dei!
Nikolas
Fagleg leiar