Finn ein feil!

Nok ein dag med rik mediedekning er unnagjort, og nok ein gong unødvendig! Om ein ser på biletet, så bør det gå klart fram at det er minst ein "feil" (utover vinga som ligg i skogen). Forslag?

Unneland har primært to startretningar. Desse er SV og V. I tillegg kan ein starte på S, men ein skal vere litt obs mht at ved bein S, så kan vinden verte kastete då den kjem over Livarden. På biletet er vindretninga N. Kvifor forsøke å starte då?

I dette tilfellet var det ein utanlandsk pilot busett i Bergen, men det kunne like godt vore ein av klubbens medlemmer då det stadig vekk vert "synda" på denne måten. Uansett er det tåpeleg og kostar oss ein heil masse negativ publisitet samt at store resurssar vart satt inn for å "redde" piloten (som heldigvis var heilt uskada).

Som Andreas D. har nemt på sladdersida, så hadde heile denne redningsaksjonen vore avblåst om piloten hadde hatt radio og/eller hadde ringt AMK/Politiet og gitt beskjed om at alt var ok.

Takk til Andreas og resten av dei som hjalp til under kveldens såpeopera!

 

Foto: BT / Marie Havnen

Design og utvikling av Nikolas van Etten 2008-2010 © Bergen Hanggliding og Paragliding Klubb - bakgrunnsbilde © Sindre Jacobsen